Denne administrasjonsavgiften sikrer oppfølging av kjøpet til riktig florist. Den inkluderer godkjenning fra floristen og eventuelle påminnelser til floristen for å godkjenne bestillingen. Avgiften dekker også kundestøtte for blomsterkjøp.
Eg minnest Svenn Fosseng med glede og takk, som dyktig og kjekk lærar på Norsklina på Stord lærarhøgskule og som god forlagskontakt i arbeidet med Diktboka.
Eg hadde stor glede av å ha Svenn som lærar på Stord Lærarhøgskule på -70-talet! Han var kunnskapsrik, lun, sosial og inspirerende! Eg har mykje å takka han for!
Eg fekk gleda av å bli kjent med Svenn gjennom hans virke som styremedlem i vennelaget Samlagsrota. Han kom til Samlaget i mai 1995 som forlagssjef og pensjonerte seg frå stillinga i juni 2004 i følge arkivet i Samlaget. Eg starta i Samlaget mange år seinare men forstod raskt at Svenn var ein av kontinuitetsberarane. Hans engasjement for forfattarane, litteraturen og forlaget var viktig og saman med resten av styret i vennelaget fekk han skipa til mange fine og viktige arrangement.